


Barnas Teknologifestival
på Biblioteket
OPEN DAG
på Biblioteket
LUKKA ARRANGEMENT
Sykkylven Bibliotek
Barnehagegrupper i Sykkylven vert invitert til biblioteket under Teknologifestivalen. Der får dei utvikle teknologiske ferdigheiter i leik med:
- Sphero kuler
- Beebots
- Bluebots

TfUNG
ved Sykkylven ungdomsskule
LUKKA ARRANGEMENT
Elevar i 3. og 4. klasser i Sykkylven får invitasjon til leik og læring ved
Sykkylven ungdomsskule. Elevane får besøke ulike stasjonar der elevar frå 9. trinn er vertskap og mentorar, med aktivitetar som:
- lego league
- analog koding utandørs
- musikk og teknologi
- escape room og matematikk
- teknologi og naturfag på lab

TfUNG for
skule og utdanning
LUKKA ARRANGEMENT
Stranda USK, Blindheim USK og Sykkylven VGS
Det blir Droneverkstad og TekLab på Sykkylven VGS for 9.klasse elevar frå Stranda, Sykkylven og Blindheim.
Elevane får også ta turen til TekLab ved Sykkylven VGS.
Her får dei møte elevar og lærarar på arenaer som byr på høgteknologiske aktivitetar i TekLab og Elektrolab. Dei får prøve mellom anna mikrokontrollarar, programmering, CNC-maskiner, laserprinter, 3D-printarar og dronesimulator.
Visste du at Tf UNG får internasjonal oppmerksomheit?
Lisa Øyen Klokk og Marianne Fløttum har deltatt på lærarkonferansen Science on Stage i Klaipeda, Litauen 28.mai til 31.mai, med undervisningsopplegget til Tf UNG.
TfUNG -
Eit samarbeid mellom Sykkylven VGS, Sykkylven ungdomsskule, Sykkylven Bibliotek og Sykkylven Industri- og Næringslag

