

Sykkylven er så mykje meir enn "Møbelbygda"...
Vi vil vise deg teknologibygda!
Kva er Teknologifestivalen?
Teknologifestivalen er to dagar fylt med lærerikt, inspirerande og nyttig innhald.
Du kan glede deg til presentasjonar frå scena, gode samtalar, workshops, aktivitetar og felles middag med underhaldning under kveldsarrangementet torsdag. Du får du også eit gløtt bak kulissene, på bedriftsbesøk i framoverlente teknologibedrifter i Sykkylven og Stranda.
Vi har svært høg teknologikompetanse i regionen vår, og mange blir nok overraska over omfanget. Med Teknologifestivalen vil vi løfte fram denne kompetansen og bidra til at deltakarane får ny innsikt i korleis teknologi kan nyttast som ein konkurransefordel - Innsikt å ta med seg i møte med framtida.
Tf UNG
Med Tf Ung har ein også lagt til rette for framtidig rekruttering. Kjekke og lærerike aktivitetar for barn og ungdom skal så ein spire i framtidige teknologar og inspirere til teknologiutdanning.
TF Ung foregår dagane rundt Teknologifestivalen for næringslivet, men er separate arrangement, retta mot barn og ungdom i Sykkylven og omegn.

Bakgrunn
Teknologifestivalen er eit initiativ av Sykkylven Industri- og Næringslag. Under Teknologifestivalen delar framoverlente og dagsaktuelle aktørar frå næringslivet villig av sin kompetanse, frå scena og i bedriftsbesøk – til glede for ein sjølv og andre.
Samarbeid og erfaringsdeling har i mange tilfelle gagna bedriftene med gode resultat, og slike synergiar vil ein spele vidare på og ha meir av.
Teknologifestivalen gjekk av stabelen for fyrste gong i 2023. Usikker på kva ein skulle forvente, vaks festivalen til nye høgder for kvart punkt som vart lagt inn i programmet. Bakgrunnen var eit ønskje om å formidle lokal teknologikompetanse - som er ganske fantastisk!
Optimisme prega atmosfæren - med ny kunnskap, utvida nettverk og fersk inspirasjon.
tf UNG
I tillegg til Teknologifestivalen for industribedrifter og næringslivet elles, har ein sjølvsagt også tenkt på framtidas teknologar. Difor vert det i same perioden, også opplegg for barn og ungdom. Dette i regi av Sykkylven Bibliotek, Sykkylven ungdomsskule, Sykkylven VGS, Droneakademiet og Dale Oen Academy.
Les meir om dette under fana «tf UNG».

TILBAKEBLIKK 2023 - 2025

























