
AKTUELT
Ukraina blir tema på Teknologifestivalen
Når Teknologifestivalen i Sykkylven går av stabelen 4.–5. juni, får publikum eit unikt innblikk i korleis Ukraina har bygd teknologisk og økonomisk motstandskraft medan landet står i krig.
Ukraina er ikkje berre eit land under angrep, men òg eit levande testmiljø for teknologisk, organisatorisk og økonomisk toleevne. Fredag 5. juni møter deltakarane tre sentrale aktørar frå det digitale økosystemet i Ukraina, frå regjering, næringsliv og innovasjonspolitikk, som vil dele erfaringar, løysingar og lærdommar som òg er relevante for Noreg.
Nadiia Babych vil gi eit sjeldant innblikk i korleis Ukraina har klart å halde mobil- og breibandsnett i drift under bombing, straumbrot og kontinuerlege angrep. Mary Prokhorova vil vise korleis ukrainske selskap har måtta ta teknologiske val som ikkje lenger berre handlar om kostnad og effektivitet, men om geopolitikk, tryggleik og nasjonal toleevne. Natalia Mishyna vil vise korleis Ukraina har utvikla ein innovasjonskultur der rask læring og tryggleik er nødvendig for å overleve.
Ukraina har erfaringar ingen andre land har. Dette panelet gir oss innsikt i korleis teknologi, infrastruktur og innovasjon fungerer når alt står på spel. Ukraina viser korleis teknologi kan halde eit samfunn i gang under ekstreme forhold, og dette er kunnskap som Noreg treng og som er relevant for alle som deltek på Teknologifestivalen,
seier Per Kjetil Våtmyr, leiar for Sykkylven Industri- og Næringslag.
Festivalen samlar kvart år leiarar, teknologar, gründerar og industri, og årets program er det mest omfattande til no, med bidrag frå mellom andre Norwegian, Ekornes, NTNU, Conta, Easee, Innovasjon Norge og Møre Trafo.
Teknologifestivalen gjekk av stabelen for fyrste gong i 2023 og er no den viktigaste møteplassen for teknologibedrifter på Sunnmøre. Sparebanken Møre er hovudsponsor for festivalen, og arrangementet får òg støtte frå fleire lokale verksemder.



Foto: Nadiia Babych Foto: Mary Prokhorova Foto: Natalia Mishyna
Programmet for Teknologifestivalen er klart
Teknologifestivalen går av stabelen 4.–5. juni i Sykkylven på Næringsfabrikken og årets program byr på to dagar med teknologi, industri og innsikt - med bidrag frå heile regionen.
- Teknologifestivalen er blitt ein av dei viktigaste møteplassane for industrien vår. Her får vi både inspirasjon, fagleg påfyll og konkrete døme på korleis teknologi kan styrkje konkurransekrafta i heile regionen
seier Per Kjetil Våtmyr, leiar for Sykkylven Industri- og Næringslag.
Festivalen opnar med innlegg frå Våtmyr og konferansier Arne Hjeltnes, før økonomiske utsikter, teknologiutvikling, sikkerheit og entreprenørskap er tema. Astronaut og fotograf Jannicke Mikkelsen, som også held foredrag på Sykkylven Kulturhus onsdag 3. juni, er blant dei som set retning for dagen. Seinare vert det bidrag frå Sparebanken Møre, Nofence, Easee, Ekornes, Future Materials, Trafsys og fleire. Den første dagen rundast av med bedriftsbesøk og aktivitetar i Sykkylven og Stranda der deltakarane får høve til å sjå teknologi i praksis.
Dag to held fram med innlegg frå NTNU, Conta, Innovasjon Norge og Blue CTRL og fleire aktørar som jobbar tett på utvikling og omstilling i næringslivet. Seinare på dagen møter publikum sykkylvingen Geir Karlsen som er konsernsjef i Norwegian.
- Vi står midt i ei tid der teknologi, samarbeid og kompetanse avgjer om vi lukkast. Teknologifestivalen samlar heile økosystemet og skaper energi og retning for alle som jobbar med teknologi på Sunnmøre. Det er også eit viktig arrangement for Sykkylven kommune
seier Åsne Folstad, leiar for Sykkylven Næringsutvikling.
Sykkylven kommune vart nyleg kåra til årets vertskommune for næringslivet 2026 av KS og NHO. Prisen blir delt ut til kommunar som utmerkar seg som gode vertskap for næringslivet, og som kan inspirere andre gjennom god dialog, rolleforståing og målretta arbeid.
Teknologifestivalen gjekk av stabelen for fyrste gong i 2023 og er no den viktigaste møteplassen for teknologibedrifter på Sunnmøre. Sparebanken Møre er hovudsponsor for festivalen og arrangementet vert også støtta frå fleire lokale verksemder.

På bildet: Per Kjetil Våtmyr, Sykkylven Industri- og Næringslag
