


PÅ SCENA

Arne Hjeltnes
Årets konferaniser
Arne Hjeltnes er ein av Noregs mest folkekjære programleiarar og historieforteljarar. Med si lune form, skarpe observasjonar og ekte engasjement har han i ei årrekkje fanga publikum gjennom reiseprogram og formidling frå både inn- og utland.
No kjem han til teknologi- og møbelkommunen Sykkylven for å vere konferansier under Teknologifestivalen 4.–5. juni 2026. Med trygg hand, glimt i auget og solid formidlingsevne, vil Arne Hjeltnes leie oss gjennom to dagar med fagleg påfyll, inspirasjon og gode møter på scena.

Jannicke Mikkelsen
Astronaut og filmskapar
Jannicke Mikkelsen er Noregs første astronaut og ein prisvinnande filmskapar med ei eventyrleg livshistorie. Ho har jobba med prestisjefylte prosjekt for mellom anna NASA, Netflix, Paramount Pictures, rockebandet Queen og BBC, og har samarbeidd med ikon som Buzz Aldrin, Brian May og Sir David Attenborough. Nyleg blei ho Noregs første astronaut i verdsrommet som fartøysjef for romferda Fram2.
No er ho på verdsturné med stopp i heile verda - og sjølvsagt Sykkylven.

Geir Karlsen
Konsernsjef - Norwegian Air Shuttle
Geir Karlsen har bakgrunn som CFO og leiar i fleire internasjonale selskap, og har dei siste åra hatt suksess i å leie Norwegian gjennom ei finansiell omstilling.
Han er kjent som ein engasjerende foredragshaldar med konkrete eksempel frå eiga arbeidserfaring. Under Teknologifestivalen delar han sine erfaringar om korleis teknologi, innovasjon og strategisk leiing kjem saman, og gir oss innsikt i hans perspektiv på framtida for teknologi og næringsliv.


Fredrik Ødegård Nilsen
CEO i Ekornes
Fredrik Ødegård Nilsen er nyleg tilsett som CEO for møbelbedrifta Ekornes. Han har tidlegare erfaring i Ekornes, som administrerende direktør, økonomidirektør, forretningsanalytiker og senior visepresident for strategi og forretningsutvikling. Han har også erfaring frå ISS, der han mellom anna utvikla selskapets prisstrategi, satsingsområder og jobba med lønnsomhetsforbetringer. Han har mastergrad i økonomi og administrasjon, strategi og ledelse frå NHH og Universität Mannheim, og bachelor i marknadsføring frå BI.
Under Teknologifestivalen deltar han i ein sofaprat samen med Runar Tansdtad frå Møre Trafo, for å snakke om korleis dei konkurrerer internasjonalt med Sykkylven som base, og korleis dei utnyttar teknologi til å skape konkurransefortrinn.

Anne-Lise Sagen Major
Viserektor for NTNU
Anne‑Lise Sagen Major er viserektor ved NTNU i Ålesund og en del av rektoratet ved NTNU. Hun har bakgrunn fra innovasjonsarbeid i Ålesund kommune, farmasi og doktorgrad fra ETH Zürich, og har hatt sentrale roller innen forskning, utvikling og helsetjenesteinnovasjon i Midt‑Norge. Hun har også forsket og undervist ved NTNU og flere norske universiteter.
På teknologifestivalen deltar ho i ein sofaprat med CEO i Conta, Torill Standal Eliassen, der vi får høyre om NTNU som partner for innovasjon og utvikling i regionen, og tilgang på kompetanse.

Nadiia Babych
Head of the Main Division for Broadband Internet Infrastructure Development of Ukraine
Nadiia er leiar for hovudavdelinga for utvikling av breibandsinfrastruktur ved departementet for digital transformasjon i Ukraina, der ho leiar team som implementerer viktige telekominfrastrukturprosjekt over heile landet.
Arbeidet hennar fokusera på å sikre både utvikling og motstandskraft i Ukrainas kommunikasjonsnettverk, frå utrulling av ny teknologi som 5G og satellittforbindelsar, til å oppretthalde nettverksdrift under strømbrudd og krigsforhold.
I løpet av dei siste åra har Ukraina opparbeidd seg unik erfaring med å halde telekominfrastruktur i drift under ekstreme forhold, og ho er spesielt engasjert i å dele denne kunnskapen internasjonalt, spesielt innan områder som nettverksmotstandskraft, forenkling av reguleringer og rask infrastrukturutbygging.

Mary Prokhorova
CEO i InDevLab
Mary Prokhorova er CEO i InDevLab med meir enn ti års erfaring innan IT infrastruktur, cybersecurity, software utvikling og prosjekt med digital transformasjon på i både offentleg og privat sektor. Sidan 2015 har ho deltatt i initiativ for nasjonal IT infrastruktur og digitalisering i Ukraina, inkludert prosjekt for the Ministry of Economic Development and Trade of Ukraine, statens arbeidsformidling, og Ukrainas departement for digital transformasjon. I 2024–2025 ledet hun Diia, en av verdens mest innovative digitale offentlige administrasjonsløsninger.
Hun er styremedlem i det Svensk-Ukrainske Handelskammeret og koordinerer den Nordiske–Ukrainske arbeidsgruppen for cybersikkerhet og beskyttelse av kritisk infrastruktur. Hennar noverande arbeid fokusera på cybersikkerhet, digital motstandskraft, modernisering av IT-infrastruktur, private sky- og datasenterløsninger, og implementering av AI-teknologier i organisasjoner og FoU-prosjekter.

Natalia Mishyn
Natalia Mishyna er ein internasjonal samarbeid- og digital motstandsdyktighetsprofesjonell fra Ukraina, som arbeider i skjæringspunktet mellom forsvarsinnovasjon, cybersikkerhet, beskyttelse av kritisk infrastruktur og inkluderende digital transformasjon. Ho er støtte for partnerskap rundt Ukrainas digitalisering, inkludert teknologi for slagmarken og AI-drevne teknologier.
Natalia har tidlegare rådgitt Ukrainas statlige cybersikkerhetsbyrå om cyberforsvar og beskyttelse av kritisk infrastruktur, og har aktivt bidratt til prosjekt for digital styringstransformasjon i Ukraina. Hennar arbeid fokusera på korleis innovasjonar og teknologi kan styrke motstandsdyktigheit og støtte økonomisk utvikling under ekstremt press.
Runar Tandstad
Adm.dir i Møre Trafo AS
Runar Tandstad er i dag administrerande direktør for Møre Trafo i Sykkylven. Har har tidlegare erfaring frå bedrifter som Mørenett AS, Tafjord Kraftnett AS og Sykkylven Energi, der han har jobba med prosjektering, utbygging og drift av distribusjonsnett for el, tele og fibernett.
Under Teknologifestivalen deltar han i ein sofaprat samen med Fredrik Ødegård Nilsen frå Ekornes, for å snakke om korleis dei konkurrerer internasjonalt med Sykkylven som base, og korleis dei utnyttar teknologi til å skape konkurransefortrinn.


Marielle Furnes Mannseth
Managing Director i Blue CRTL
Fra verdsleiande teknologi til global posisjon
- kvifor er det så vanskelig?
Marielle Furnes Mannseth er administrerande direktør i Blue Ctrl, eigd av Ulstein Group i Ålesund. Ho har master i informatikk og starta karrieren innan teknologiutvikling, før ho gjekk vidare til produktutvikling, merkevarebygging og forretningsutvikling.
Ho har brei erfaring frå både etablerte internasjonale merkevarer og vekstselskap, mellom anna frå Telenor, Avento (no Twoday), Stokke, Slettvoll og Norwegian Hydrogen.
I dag leiar ho Blue Ctrl, som utviklar maritim automasjonsteknologi i verdsklasse og skalerer denne globalt. Ho er oppteken av korleis norsk industri kan bruke djup domenekunnskap til å gjere teknologi til kjernen i verdiskapinga og eit globalt konkurransefortrinn.

Marthe Kindervaag
Director of Brand & Communication i Easee
Fra rakettvekst til krise - og tilbake igjen
Marthe Kindervåg er kommunikasjonsdirektør i ladeselskapet Easee, og fekk tidleg ansvar for kommunikasjonen i ei tid prega av sterk vekst, stor merksemd og etter kvart betydelege utfordringar.
På Teknologifestivalen deler ho historia om Easee - frå oppstart og rakettvekst til det som skjer når tempoet blir høgare enn strukturane toler.
Ho gir eit ærleg innblikk i kva som gjekk gale, kva som stod på spel, og kva som faktisk krevst for å snu – i eit selskap som på kort tid gjekk frå kraftig vekst til finansiell omstilling, og vidare til ny vekst.

Kristianne Havnevik
Marknadsdirektør i Conta
Kva skal til for at gode løysingar får luft under vengane?
Når fintech-selskapet Conta frå Ålesund reposisjonerer heile merkevara, handlar det ikkje om éin kampanje, men om å sikre konkurransekraft.
På Teknologifestivalen i Sykkylven tek marknadsdirektør Kristianne Havnevik deg med bak kulissane og viser korleis strategiske val, tydeleg mandat og forankring i styrerommet avgjer om gode løysingar får luft under vengene. Dette er historia om kvifor teknologi åleine ikkje skaper vekst, men rett retning gjer det. Eit innlegg for alle som vil forstå korleis strategi, merkevare og teknologi må spele på lag for å vinne posisjon og marknad.
Havnevik har brei erfaring som konsulent for sunnmørsk næringsliv, og du kan sjå fram til eit visuelt og engasjerande innlegg om det unike ved regionen og kvifor desse kvalitetane er viktige for Conta


Kristil Erla Håland
Gründer og CEO i JodaCare og Jodapro
Kristil Erla Håland starta JodaCare i 2015, motivert av eiga erfaring med å koordinere omsorg for eit familiemedlem med kognitiv svikt. Sidan den gong har ho bygd to selskap parallelt: JodaCare, som i dag brukast av norske kommuner for å binde saman pårørande, helsepersonell og barn/unge med utviklingshemming, og Jodapro, ei hodekamera-løsning for politi og helsepersonell, som vant Europol Innovation Award i 2024, og har mellom anna London Metropolitan Police som kunde.
Men, veien dit har ikke vore lett. Kristil delar om kva det vil seie å bygge i ti år, miste alt, og reise seg igjen — om konkurs, tvil, og kva som faktisk skal til for å begynne på nytt når ein trudde det var slutt.
På Teknologifestivalen fortel ho historia bak overskriftene: Kvifor nokre gründera gir seg, kvifor andre står opp igjen, og kva ho har lært om mennesker, teknologi og seg sjølv på vegen.
Å reise seg igjen — gründerreisen ingen snakker om

Hanne suorza
Gründer og dagleg leiar i Mestre AS
Kva skjer med oppmerksomheita vår i ei tid prega av teknologi, høgt tempo og konstant tilgjengelegheit?
I ei morgonøkt fredagen, set Hanne Suorza fokus på korleis tempo og informasjonstrykk påverkar oss – både mentalt og fysisk. Gjennom refleksjonar og ei guida pustepause utforskar ho kvifor små pausar og bevisst oppmerksomheit kan vere viktigare enn nokon gong.
Hanne er gründer og dagleg leiar av stressmeistringsappen Mestre, og jobbar i skjeringspunktet mellom teknologi og psykologi. Dei siste ti åra har ho utvikla og formidla digitale verktøy for stressmeistring gjennom appen Mestre, i tillegg til å halde foredrag og kurs for både privatpersonar og næringsliv. Under festivalen vil ho også gi eit kort innblikk i reisa med å byggje opp helseappen.
Mennesket i teknologien – pause i høgt tempo

Torill Standal Eliassen
CEO i Conta
Torill vart kåra til ei av landets 50 fremste tech-kvinner i 2024. Ho er i dag CEO i Conta og styremedlem i Næringsforeningen i Ålesund og Stiftelsen Kjell Holm. Tidlegare har ho mellom anna jobba som salgs- og marknadsdirektør i Twoday og byråleiar for Visma Digital Marketing.
Torill brenn for innovasjon, jenter og teknologi og rekruttering. På Teknologifestivalen deltar ho i ein diskusjon om innovasjon, teknologi og tilgang på kompetanse, saman med viserektor for NTNU, Anne-Lise Sagen Major.

.png)
Trafsys
Trafsys utviklar og leverer avansert teknologi for meir påliteleg trafikkstyring av vegar og tunnelar. Gjennom meir enn tre tiår har dei opparbeidd seg omfattande kunnskap innan trafikkautomasjon og intelligente transportsystem. Trafsys leverer langsiktige og framtidsretta løysingar som møter morgondagens forventningar.
Meir informasjon kjem

Sparebanken Møre
Meir informasjon kjem

KVA SKJER PÅ TEKNOLOGIFESTIVALEN?

Foredrag & inspirasjon
Bli med når vi finn inspirasjon og utforskar teknologiske framskritt som kan styrke din posisjon i marknaden.
I år varierar vi mellom samla foredrag og paralellsesjonar.

Bedriftbesøk
Vi besøker teknologibedrifter i Sykkylven og Stranda.
I år får du velge mellom bedriftsbesøk eller aktivitet!

Aktivitetar
Nytt i år er aktivitetar!
For deg som har besøkt bedrifter før eller trenger litt meir bevegelse etter ein lang dag

Middag
God mat, stemning og latter - nyt kvelden på beste måte, med ein nydeleg middag og god underhaldning!

Teknologipub
Ein artig og sosial samankomst
med god underhaldning.

Nettverk
Teknologifestivalen er staden å vere for å knytte nettverk og komme i kontakt med verdsleiande ekspertise.

