


PÅ SCENA

Arne Hjeltnes
Årets konferaniser
Arne Hjeltnes er ein av Noregs mest folkekjære programleiarar og historieforteljarar. Med si lune form, skarpe observasjonar og ekte engasjement har han i ei årrekkje fanga publikum gjennom reiseprogram og formidling frå både inn- og utland.
​
No kjem han til teknologi- og møbelkommunen Sykkylven for å vere konferansier under Teknologifestivalen 4.–5. juni 2026. Med trygg hand, glimt i auget og solid formidlingsevne, vil Arne Hjeltnes leie oss gjennom to dagar med fagleg påfyll, inspirasjon og gode møter på scena.

Jannicke Mikkelsen
Astronaut og filmskapar
Jannicke Mikkelsen er Noregs første astronaut og ein prisvinnande filmskapar med ei eventyrleg livshistorie. Ho har jobba med prestisjefylte prosjekt for mellom anna NASA, Netflix, Paramount Pictures, rockebandet Queen og BBC, og har samarbeidd med ikon som Buzz Aldrin, Brian May og Sir David Attenborough. Nyleg blei ho Noregs første astronaut i verdsrommet som fartøysjef for romferda Fram2.
​
No er ho på verdsturné med stopp i heile verda - og sjølvsagt Sykkylven.

Geir Karlsen
Konsernsjef - Norwegian Air Shuttle
​
Geir Karlsen har bakgrunn som CFO og leiar i fleire internasjonale selskap, og har dei siste åra hatt suksess i å leie Norwegian gjennom ei finansiell omstilling.
Han er kjent som ein engasjerende foredragshaldar med konkrete eksempel frå eiga arbeidserfaring. Under Teknologifestivalen delar han sine erfaringar om korleis teknologi, innovasjon og strategisk leiing kjem saman, og gir oss innsikt i hans perspektiv på framtida for teknologi og næringsliv.


Kristil Erla Håland
Jodapro-Jodatech
Meir informasjon kjem

Torill Standal Eliassen
CEO i Conta
Meir informasjon kjem

Severin Roald
Kommunikasjonsrådgiver
Meir informasjon kjem


Ekornes
Ekornes er Nordens største møbelprodusent, og har hovudkontor i Sykkylven. Bedrifta er kjent for Stressless®, Svane® og IMG. Stressless® er en av verdens mest kjente merkevarer innen møbelbransjen, mens merkevarene Ekornes® og Svane® er dei mest kjente i Norge.
​
Ekornes er blant pionerane når det gjeld automatisering av industriell produksjon i Norge. Her arbeidar robotane blant anna med sveising, pussing, lakkering, montasje og handtering av delar. Dei er ekspertar på å behandle både tre, stål, hud og stoff.
​
​Meir informasjon kjem
​​​
.png)
Trafsys
Trafsys utviklar og leverer avansert teknologi for meir påliteleg trafikkstyring av vegar og tunnelar. Gjennom meir enn tre tiår har dei opparbeidd seg omfattande kunnskap innan trafikkautomasjon og intelligente transportsystem. Trafsys leverer langsiktige og framtidsretta løysingar som møter morgondagens forventningar.
​​
Meir informasjon kjem​​
​

Sparebanken Møre
Meir informasjon kjem

