Program for 2023


Torsdag 01.juni
_________________________________________________

Kl. 08 - 13 Fellessesjon på Sykkylven Kulturhus

Kl. 08 - 08.30
Registrering

Kl. 08.30 - 08.45
Velkomen
Ordførar Odd Jostein Drotninghaug og
Sykkylven Industri- og Næringslag
ønskjer velkomen.

Kl. 08.45 - 09.30
Einar J. Hareide // SINTEF Manufacturing
- Samspelet mellom design og teknologi i eit berekraftsperspektiv -

Hareide har utmerka seg som ein av få norske industridesignarar med internasjonal erfaring og eit kjent norsk namn i Norsk offentligheit. Han er i dag seniorrådgivar i avdeling for industrielle økosystem i SINTEF. Gjennom åpningsinnlegget vil Einar Hareide gi ei overordna innsikt i den teknologiske utviklinga og sine tankar om kva som skal til for god konkurransekraft i tida framover.

Kl. 09.30 - 10.15
Håkon Raabe // SINTEF Manufacturing
- Korleis kan digitalisering og automatisering gjer regional industri meir konkurransedyktig og meir berekraftig? -

Raabe er prosjektdirektør ved SINTEF Ålesund, i avdeling for industrielle økosystem. Han har stor lidenskap for sitt felt, og fangar publikum med informative og engasjerande innlegg. Med ei sentral rolle i regionen, får Håkon ordet etter Hareide og losar oss vidare med eit fokus særleg til nytte for bedrifter på Sunnmøre.

Kl. 10.15 - 10.30
- Pause -

Kl. 10.30 - 10.45
RoadTech & Amatec //
- Ein grøn revolusjon med lokal teknologi-

Fortel om RoadTech fortel si historie der dei har utvikla eit nytt, berekraftig konsept ved hjelp av teknologien i Sykkylven.

Kl. 10.45 - 11
PC Support // Ståle Welle
Nye sikkerhetsutfordringer krever nye løysningar. Korleis prioritere ressursane smartast mogleg.

Kl. 11 - 11.20
Varda Care // Diana Myrstad Meldal
- Når møblar kan redde liv-
Sensorikk i møbelbransjen.
Varda Care leverar velferdsteknologi som målar helsedata ved hjelp av heilt vanlege møblar. Tjenesten gir økt pasientsikkerhet, verdifull beslutningsstøtte og frigir kapasitet til omsorg.

Kl. 11.20 - 11.40
- Pause -

Kl. 11.40 - 12
Omron // Vegard Lade
Amatec // Lars Einar Riksheim
- 3D scanning, kollaborative robotar og AIV -
AMATEC AS er Norges største leverandør av maskiner og utstyr til den sømbaserte industrien. Bedrifta starta opp i 1984. Dei har i seinare tid utvikla ei eiga avdeling for utvikling av spesialmaskiner og automasjonsløysingar. Amatec er offisiell partner hos Omron og Kuka.

Kl. 12 - 12.10
Møre Trafo // Steinulf Grøvik  
- Elektrifisering og grøn teknologi -

Møre Trafo AS ei er produksjonsbedrift i Sykkylven. Kjerneområdet til bedrifta er trasformatorar og nettstasjonar til det skandinaviske markedet. Møre Trafo er marknadsleiar på fordelingstransformatorar i Noreg og tilbyr pakkeløysingar basert på kundens behov.

Kl. 12.10 - 12.20
Pla-Mek // Bjarne Olav Velle
- Automatiserte produksjonsprosessar, resirkulert plast, innovasjon i samarbeid med kunden -
Pla-Mek er ein av landets ledande sprøytestøyparar og leverar plastprodukt i samarbeid med kunden. Bedrifta vil vere ein leverandør av ei god og heilskapleg total løysing for dine plastprodukt, ikkje berre ein produsent av ein plastkomponent.

Kl. 12.20 - 12.30
3D- Knitting & Technology // Chiharu Kiyohara
- Vår historie, 3D strikketeknologi med avanserte moglegheiter og bruksområder, virtuell prototyping Apex4 -
3D- Knitting & Technology er eit nasjonalt kompetansesenter for 3D strikking. Bedrifta ønskjer å tilgjengeleggjere ny teknologi for å gi norske bedrifter eit konkurransefortrinn. 3D strikking kan nyttast til eksempelvis klesplagg, møblar og industrielle produkt. Teknologien kan auke effektiviteten medan ein også ivaretek miljø og berekraftsperspektivet, og produkta strikkast utan saumar.

Kl. 12.30 - 13.15
- Lunsj -

Bedriftsbesøk torsdag 01. juni:
_________________________________________________
Kl. 13.30-14.30 og kl. 15-16

Møre Trafo  
Steinulf Grøvik  
Elektrifisering og grøn teknologi
.
3D-Knitting & Technology  
Chiharu Kiyohara og Yukiko Kiyohara  
Nasjonalt kompetansesenter. 3D strikketeknologi, virtuell prototyping Apex4
.
Omron // Amatec
Nytt kamera til 3D scanning, AIV- teknologi og kollaborative robotar
Teknologimiljøet i Næringsfabrikken
.
Griff Aviation
Ny teknologi og nye moglegheiter med dronar.
.
Pla-Mek 
Automatiserte produksjonsprosessar, resirkulert plast, innovasjon i samarbeid med kunden
.
_________________________________________________
01. juni
ettermiddag & kveld

Kl. 16.30 - 18

Festivalpub // RAUS ...

&
Kl. 18.30 - 22.30 (23.30)
... FJORDCRUISE i Hjørundfjorden
med M/S Bruvik, tapas og Blue Horn Jazzband

Obs. Kl. 18: Transport til Hundeidvik, frå Aursnes og via Raus


______________________________________________

Fredag 02. juni

Kl. 08.30 - 12.30
Fellessesjon på Sykkylven Kulturhus

Kl. 08. 30 - 09
Registrering og kaffe

Kl. 09 - 09.20
Griff Aviation // Svein Even Blakstad
- Ny teknologi med utspring frå lokal industri -
Griff Aviation starta historia si i 2015 då grunnlegger og CEO, Leif Johan Holand, såg ei unik moglegheit. Han nytta si erfaring frå filming med helikopter, til å utvikle industrielle droner med kamera og spennande bruksområder. Griff har utspring frå lokal industri og vil fortelje litt om korleis dei har nytta seg av industrien i Sykkylven for å skape noko nytt.

og

Droneakademiet // Richard Furnes
- Bruksområder, gevinst og korleis komme i gang med droneteknologi -

Droneakademiet leverar kurs og konsulenttjenestar innan ubemanna luftfart over hele landet. På tvers av bransjar får stadig fleire augo opp for kva droner kan tilby. Richard vil fortelje litt om aktuelle bruksområder for droner og korleis dei kan bidra til at ein kjem i gang raskt og enkelt.

Kl. 09.20 - 09.40
Sparebanken Møre // Kristian Tafjord 
- Internasjonal økonomi- Korleis kom vi hit og kvar går veien vidare? -
Den makroøkonomiske utviklinga ute og heime, utvikling i internasjonal rente og valutamarked, regionale økonomiske utsikter.

Kl. 09.40 - 10
NTNU // Irina-Emily Hansen & Ola Jon Mork  
- Næringsretta forskning og utvikling i samarbeid med NTNU Ålesund- ManuLab-
Irina-Emily Hansen og Ola Jon Mork er forskarar frå ManuLaben. Dei har med seg dei nyutdanna ingeniørane Fridtjof Pedersen Lersveen og Benjamin Karlsen, som frå 1. juni er ansatt på ManuLaben.

Kl. 10 - 10.45
Digicat Norsk Katapultsenter// Arne Monsholm
- 3D CAD og VR -Fordi "godt nok" ikkje er godt nok lenger -
DigiCat gjer det enklare for innovative bedrifter å utvikle prototypar, teste, visualisere og simulere.
Fortel om 3D konstruksjon og linkar det mot produksjon, design og markedsføring.

Kl. 10.45 - 11
- Pause -

Kl. 11 - 11.20
Ekornes // Jon Einar Løvoll
- Automatisering og robotisering -

Ekornes er Nordens største møbelprodusent, med hovudkontor i Sykkylven. Dei utviklar og produserar møblar som markedsførast under varemerka Stressless®, Svane® og IMG. Dei husar mange teknologiske løysingar og har høgt fokus på mellom anna berekraft, HMS for arbeidarane og effektivitet i produksjon.

Kl. 11.20 - 11.45
Innovasjon Norge // Mari Dorthe Michaelsen
Møre og Romsdal fylkeskommune // Martin Ose
- Støtteordningar innafor teknologisk utvikling -

Kl. 12 - 12.30
- Avslutningslunsj -

Bedriftsbesøk
_________________________________________________
Kl. 12.30 - 14.30

Ekornes // Omvisning i hovudfabrikken.

Kl. 15 -
AfterTech // Promenaden
Ein siste sosialt møte for dei som ønskjer det.




HUGS!
Båttur innover Hjørundfjorden med båten M/S Bruvik, musikalsk underhaldning ved Blue Horn Jazzband og servering
NB: Eigne billettar til denne fantastiske opplevinga, torsdag 01. juni!

KJØP BILLETT TIL BÅTTUR